Musikk og dans

Kulturnatt på NMH – Open prøve med Christiania Blåseensemble

Eit av Noregs fremste janitsjarkorps ønsker gjennom eit variert og spennande repertoar å vise fram at god korpsmusikk er mykje meir enn marsjar på 17. mai.

På denne prøven får publikum høyre utdrag frå verk som kan få fram både tårer, latter og sinne. Samtidig vil publikum òg få ei unik moglegheit til å oppleve korleis eit korps på høgt nivå jobbar under innøving. Vi gjer oppmerksam på at dette er ein prøve og ikkje ein konsert.

Medverkande:
Nils Erik Måseidvåg (dirigent)
Studentar ved Norges musikkhøgskole


Kartvisning:

#Oslokulturnatt